Tips for berekraftig fruktbarheit i fjøset
Foto: TINE

Ku i forbrunst
Foto: Anne Hege Hunskaar Tajet, Geno
Følg med i besetninga di på kalvingsintervall og innkalvingsalder for kviger. Det er dyrt å ha gamle nok kviger som ikkje mjølker og kyr med lang tørrperiode pga «seindrektigheit». Det er ynskjeleg med ca.12 mnd kalvingsintervall, noko som betyr at kua bør vera drektig på 85-90 dagar etter kalving. Innkalvingsalder hjå kviger bør vera på ca.24 mnd. I 2025 var gjennomsnittet for landet på innkalving 25,6 mnd og kalvingsintervall på 12,6 mnd. Tala viser at vi har noko å strekke oss etter.
Ha ein plan for når du vil starte inseminering etter kalving. Før brunstoversikt på ein eller annan vettug måte. Dyrlegen er din venn for kviger/kyr som ikkje viser brunst. Få undersøkt desse dyra og sett inn tiltak deretter.
Enkelte argumenterar for forlenga kalvingsintervall/laktasjon, men begynner likevel ganske tidleg å inseminere etter kalving og har ein lang inseminasjonsperiode. Er du av dei som starter inseminering 40-50 dagar etter kalving, så er det viktig at kua har hatt uproblematisk kalving og at du drektigheitsundersøker innan 6 veker. Ein del kyr inseminert tidleg etter kalving kjem ikkje att i brunst, men er heller ikkje drektige. PAG-testing kan vera eit godt alternativ til drektigheitkontroll, men ved manuell drektigheitsundersøking får du svar der og da om kua er drektig.
Drektigheitsundersøke kyr og kviger i tide. Om du gjer det på 70 dagar og ikkje innan 42 dagar/6 veker så har du mista ein månad på kalvingsintervallet eller innkalvingsalder om kviga/kua er tom og minst ein brunstsyklus. Drektigheitskontroll gjer ein au for å finne tomme kyr du gjerne vil behalde.
Kviger: Gjennomsnittleg alder ved 1.inseminasjon var for landet i 2025 15,9 mnd: Sørg for god tilvekst og hald ho frisk som kalv. God fôrtilgang og tilvekst er viktigast før du tenker mark og mineralmangel hjå kvigene dine, sjølv om du skal ha parasittane i tankane. Mineralbolus kan vera nyttig hjå kviger som skal inseminerast ved innsett om du har erfaring med at dei er trøblete å få kalv i. Har du lang utetid om hausten så sørg for god tilleggsfôring slik at kviga kjem i syklus til du har tenkt å inseminere ho. Har du kviger som ikkje kjem i gang så få dyrlege til å legge inn progesteronspiral og spar mange dagar! På den andre sida: Pass på at kviga ikkje veks frå deg! Da blir ho meir travaleg å få drektig. Inseminer frå ca 400 kg vekt dvs frå 165-166 cm i brystomfang. Til kviga er 170 cm burde ho blitt inseminert da du au må ta høgde for eit omløp. Ei kvige på god fôring (kompensasjonsfôring) kan legge på seg om lag 900 g/d, dvs om lag 6 kg i veka, noko som tilsvarer om lag 1 cm på målebåndet og betyr 3 cm auka brystomfang på om lag 3 veker! Det er ikkje så smart at gode GS-testa kviger ryk ut på fruktbarheit. Det er ingen regel som seier at det er dei dårlegaste kvigene eller kyrne som ikkje tek kalv. Skal du vinne mest muleg på avlsmessig framgang så må du ha ein plan.
Kjønnseparert sæd: Ikkje gå i fella, men passe seg for den…. Er du ikkje spesielt god på brunstkontroll så prøv med kjønnseparert sæd på kviger fyrst sidan dei kan vera dei beste dyra genetisk sett. Får du dei drektige, så kan du prøve på gode kyr. Hugs at det er nesten 50% sjanse for riktig kjønn med konvensjonell sæd au!
1.laktasjonskyr: Få med flest muleg av 1.laktasjonskyrne som er verdt og ha med vidare. Desse kan vera vanskelege reint reproduksjonsmessig. Kvar trykker skoa hjå deg? Feite ved kalving og deretter stort haldtap? Små ved kalving og lang tid til eggstokkaktivitet? Eller kva? Igjen, dyrlegen er din venn!
Pass på haldet i slutten av laktasjon. Jobben må starte i midtlaktsjon og utover og ikkje som slankekur i tørrperioden. For kvigene: Sjå til at dei ikkje kjem inn i 1.laktasjon som feite, men heller ikkje for tynne da haldet ved kalving har mykje å seie for eggstokkaktivteten utover i laktasjonen.
Kalvingsvanskar: Tenk litt på kalvingsvanskar ved inseminering. Kalvingsvanskar i seg sjølv forlenger tid til eggstokkaktivitet og risiko for børinfeksjon. Små rifter i vulva og vagina kan vera nok til ein infeksjon sjølv om du ikkje tenkte kviga eller kua hadde hard kalving. Vær svært forsiktig med å krysse kjøttfe på kviger eller kyr med smalt bekken. Bruk avlsplan, der er okser som kan gje kalvingstrøbbel utelatt hjå kvigene.
Med god fruktbarheit i besetninga di unngår du innkjøp av dyr og «nissen på lasset»!
Lykke til med inseminering og eit vellykka sluttresultat!
For flere detaljer om kvigeoppdrett, se TINEs veileder:
For flere detaljer om kalveoppdrett, se TINEs veileder:



